søndag 2. mai 2010

Forbetring i 80 minutt

Då fekk vi stygge sluttsiffer mot Harøy. Avslutninga blei ganske så fæl, med så mange skåringar på tampen. Eg vel heller å sjå på dei første 80 minutta av kampen. Som Kenneth skriv, så starta vi godt, men HIL kom tilbake i første omgang. Harøy-overtak i andre omgang, men med 2-2 fekk vi trua att. Men med 2-3 og kramper og ikkje meir å kome med, så blei Harøy sterkast til slutt. Ny sjanse på laurdag, mot Stranda2. Då skal vi vare i 90 minutt, og forhåpentligvis plukke 3 poeng etter ein godt gjennomført fotballkamp, der vi held heile kampen ut:)

Ingen kommentarer: