søndag 9. mai 2010

Denne veka!

Vi tek trening på Rogne i morgon måndag også, sidan Austnes-bana er stengt. Veka blir slik for kaptein Per Kristian og dei hine:

Måndag trening Rogne kl 1750.
Tysdag 7-arkamp borte mot Sykkylven
Onsdag 5.div-kamp mot Giske borte.
Fredag trening. Blir einig om klokkeslett og bane seinare.

Når det gjeld 7-arlaget, så har Steven sagt seg villig til å vere oppmann for laget. Glimrande:) Han skal få hjelp av Hansen/Molnes til å halde styr på kven som blir med. Vegard blir også den som har oversikt over kven av guttespelarane som kan/skal vere med. Stian Longva vil også ha ei slags oversikt over kven som blir med frå Ålesundsområdet.

Til 7-arkampen har Steven no 9 mann på blokka (Stian Longva, Martin Åkre, Per Olav Sunde, Øyvind Risan, Kent Inge Klokk, Daniel Grebstad, Håkon Haram, Pål F Austnes, Steven Haram). Fleire vil bli kontakta på måndag. Eg har sagt at Stig Frode og Dag Peter (som starta på benken sist på 11-ar) ikkje skal spørjast, då vi treng dei utkvilt til onsdag.

Giske-kampen: Tropp kjem i morgon, og båt går frå Austnes kl 17. Dersom nokon vil vere med som tilskodar, ta kontakt med Frank Rogne om å vere med (100 kr).

Ingen kommentarer: