søndag 30. mai 2010

Lepsøy og Harøy blir ajour

Harøy møter Brattvåg2 om ei vekes tid, og Aksla-Lepsøy blir spelt i dag kl 15. Dermed blir det like mange kampar spelt etter 8. serierunde, som elles ser slik ut:

mandag 31.05.2010 19:20 Emblem-Stranda 2
onsdag 02.06.2010 18:30 Giske-Brattvåg 2
onsdag 02.06.2010 18:30 HaNo-Aksla Nordøy stadion kl 1825
onsdag 02.06.2010 18:30 Hessa-Ravn
onsdag 02.06.2010 18:30 Lepsøy-MSIL
lørdag 05.06.2010 12:30 Harøy-Stordal

Her er nokre opne kampar. Emblem vinn lett, men utanom det er det ingen soleklare favorittar. Hittil har "topp 7" som regel slått dei 5 nedste laga (BIL2, Giske, Lepsøy, Stranda2, Aksla). Men Aksla slo Hessa borte nyleg, og Lepsøy har ikkje tapt med meir enn eitt mål nokon kamp, utanom 1-3 mot Ravn sist. Kan Lepsøy ryste sigersvande MSIL på eige gras?

Stordal er ujamne. Sleit i ein time borte mot Lepsøy, men ordna med eitt poeng mot slutten (blei 2-2). Dei mangla mange spelarar den kampen, og med fullt mannskap er dei truande til å ta poeng borte mot Harøy, med luringen Stig Johansen som coach på sidelinja. Harøy er likevel favorittar.

Hessa skal vinne heime mot Ravn, men har rota det til i det siste. Ser ut til at det "svartnar heilt" når dei først taper. 1-8 (Harøy), 2-5 (Stordal) og 3-5 (Hessa) vitnar om kampar der dei har sluppe inn like mange mål i enkeltkampar som motstandar Ravn nesten har gjort i heile sesongen så langt. Finn Trond Hamre og Co tonen på Hessa kunstgress, kan det faktisk likegodt ende bortesiger i den kampen.

Ingen kommentarer: