søndag 30. mai 2010

Åge i kano- men du kjem!!

Forfall frå Åge i morgon, han prioriterer overarmar, rygg og mage på padletur med klassa dei nærmaste dagane. Så då stiller han ein mann klar med armbruk på onsdag. Asgeir er i Sogn på jobb, men garanterer motbakketrening på Hafstadfjellet i morgon kveld. Kenneth Hansen har valgt å reise til Spania for å pleie såre lyskar:)

Elles håper eg på max oppmøte, slik vi kan spele på litt større bane som ein del av treninga i morgon. 7-arlaget har spelefri denne veka, så håper at alle dei som er med der også kan prioritere knallhardt å kome på trening måndag. Kl 1750 på Austnes altså!

Ingen kommentarer: