onsdag 7. april 2010

Meiningsmåling: Ei veke til seriestart!

Med 7- sju- dagar att til seriestart loddar vi stemninga mellom våre lesarar kva vi trur om HaNo si sluttplassering mellom dei 12 laga i 5. divisjon avdeling 1.

Her er tabellen FØR dei 22 serierundane.


MSIL er favorittar, og skal dei endeleg lukkast i å rykke opp? Cruisar Nils Ottar Sandø sitt Hessa-mannskap gjennom comebacket i serien med rutinerte namn som han sjølv, Bjørn Erik Melland, Terje Ottersen og Marius Aam? Er skiløparane på Stordal klare til kamp? Blir Ravn og Harøy med i toppsjiktet? Tar det unge Aksla-laget eit steg vidare? Kor jamne blir toarlaga til Stranda og Brattvåg?


Spørsmåla er mange, men kor ender HaNo? Stem i veg:)

Ingen kommentarer: