søndag 11. april 2010

MSIL slo Ravn også

MSIL seglar opp som favoritt til å vinne avdeling 1 i 5. divisjon. Heller ikkje Ravn, som har hatt gode resultat i det siste, greidde å skåre mot grøntrøyene frå Sula. 2-0 til MSIL blei det, og igjen kom Stian Hellevik på skåringslista. Svært hurtige Hellevik kan fort skåre godt over 20 mål i serien i år, og er ein mann motstandarane må ha eit ekstra auge til. I ein annan treningskamp mellom avdelingskollegaer leia Hessa 6-1 over Aksla, før kampen blei avbroten etter ein skade på ein Hessa-spelar i andre omgang. Hessa skal til Harøya første serierunde, medan vi skal til Hessa kgb i andre serierunde.

Ingen kommentarer: