onsdag 21. april 2010

Smil og ver glad!

...for å tape?! Nei, kan godt vere skuffa over det. Men humøret vårt kan vi gjere noko med, og det allereie på trening på fredag. Eg er litt overraska over at vi bruker såpass mykje negativ energi på kvarandre. Siste 10 av første omgang, og første 20 av andre var bra. Det vi må jobbe med er å finne ut korleis vi kan kome oss til fleire målsjansar. Men humøret gjennom kommentarar og reaksjonar vi har til kvarandre må vi luke vekk. Eg har etterlyst prating og engasjement, men det må vere meir positivt ladda.

Eg brukte ein del energi på dommaren, og kan kutte ut det. Det var fortvilande at alle tvilstilfelle av offside alltid gjekk Hessa sin veg, men det må vi nok berre rekne med i ein slik kamp der dei på heimelaget har litt større namn enn det vi har. Hjelp ikkje om vi grin på han heller.

No har vi tre treningar framom oss før Harøy kjem på besøk neste fredag. Då skal humør og speleglede opp, og vi skal i lag reise oss fram mot den kampen. For dette var langt frå heilsvart!Husk at vi også hadde sjansen til 0-1 på straffa, men ein sjeldan gong må også LP få brenne. Og sjølv om eg er litt oppgitt over humøret, så skal vi likevel ha for at vi jobba godt som eit lag midtdelen av kampen. Det skal vi ha med oss:)

Ingen kommentarer: