torsdag 15. april 2010

Sanddugnad før trening på fredag!


Rognebana skal brukast ein del framover. Regn og vestavind står for tur på heile langtidsvarselet, og då bør den lille sanddungen som ligg bak eine målet på Rogne hivast utover før Vårcupen på søndag. Det er området mot fjellet som bør ha noko sand på seg.

Vi har oppsett trening kl 1850-2030 på Rogne i morgon fredag. Det gjennomfører vi som planlagt. Men oppmøte er no sett til kl 18 i staden. Ta med trillebåre den som kan, spade og rive. Eg tar med ei trillebåre. Nokon andre som kan ta med? Skriv i kommentarfeltet, så vi er sikker på vi har ein 3-4 trillebårer, så går dette kjapt!

Ingen kommentarer: