mandag 19. april 2010

Trening på grus måndag

Då var visst ikkje Austnes-grusen historie likevel...Rognebana fekk hard medfart i snøballkrigen i dag (eller Vårcup, som det offisielt heiter) og det er nok heilt klart mest tenleg å trene på Austnes grus måndag. Klokkeslett: 1750-1930. Dusj før avreise kl 1950 for dei som vil det. (Aafk-RBK 2.omgang startar på TV2 Zebra kl 20, og då rekk vi og sjå at Aafk blir tabelltopparar.)

God dugnadsinnsats i dag, karar! Nokre som ikkje møtte, og då blir det meir på dei som er der, men slik er det; betre innsats ved eit anna prosjekt reparerer forhåpentlegvis på det.

Ingen kommentarer: