onsdag 3. juni 2009

Vanvittig irriterande

Må berre få uttrykke her i bloggen (som ikkje er HaNo FK si offisielle heimeside) at å ringe og avlyse på kampdagen er ekstremt irriterande og useriøst. Eg brukar for min del svært mykje tid og energi på å førebu meg (og laget) til ein fotballkamp. Difor blir det ein kollosal nedtur å få beskjed 5 timar før kick off at ein ikkje kan kome på fotballkamp. Giske IL gjekk i bresjen for denne samanslåinga i vinter, og fekk med seg majoriteten på Sunnmøre. Motivasjonen min for å rykke opp har berre blitt større. Sånn, då har eg fått sagt det.

Vi får gire oss opp til å trene godt i dag, fredag og søndag før kampen mot Ravn komande tysdag. Så får vi diskutere på trening i dag om vi vil høyre med Giske om dei kan spele rundt 23.-26. juni, eller om kampen berre blir avlyst, med tre poeng til HaNo.

Ingen kommentarer: