tirsdag 9. juni 2009

Positivt med poeng

Det er vel det som oppsummerer kampen. Og Ravn står dermed på 10 poeng, og ikkje 12, mot våre 9 om vi hadde tapt... For vi skal vere så ærlige og seie at vi skapte lite etter pause, og at dei var nærmast.
Her er mykje positivt også. At Asgeir skårar mål, til dømes;)
Vorspielet til andremålet med overlap og greier. God tidvis jobbing i midtbaneleddet og aggressiviteten er god i periodar. Vi har mykje vingspel i våre gode periodar. Men det blir litt som Ivar M Normark brukte å seie det: Vi har eit lavt botnnivå, og eit høgt toppnivå. Vi har to treningar å jobbe med no før neste kamp: Ellingsøy om ei åttedage. Viktig at alle gjer det dei kan for å prioritere desse treningane:
Fredag 1950-2120 Nordøy (Men denne kan vi kanskje flytte til Austnes)
Måndag 1750-1925 Nordøy

Ingen kommentarer: