onsdag 3. juni 2009

Harøy utklassa Lepsøy- Ellingsøy held fram

Harøy vann heile 7-1 over Lepsøy i dag, med stillinga 4-1 ved pause. Ein skikkelig revansje for harøyingane etter forrige heimekamp. Rolf Borgan, som også skåra mot oss, stod for tre av måla. Lepsøy har kome ned på jorda att etter ei god opning av serien, med sine to tap på rad no.
Ellingsøy gjorde imponerande arbeid i Vågen med 2-3 siger. Eit effektivt bortelag, står det å lese i den stutte rapporten på brattvag-il.no. Andre rapportar seier at BIL2 hadde 7-8 store målsjansar ein ikkje skåra på.

Ingen kommentarer: