onsdag 24. juni 2009

Tre poeng og tabelltopp

...og meir enn tre poeng er som kjent ikkje mogleg å skaffe etter ein fotballkamp. 2 faktorar som eg tenkte på før kampen: Kjempekamp og storsiger sist, og ein møter eit lag utan poeng. Det er ei mental stor utfordring. Det var sannsynlegvis grunnen til at vi arbeidde/lykkast berre 90 % i dag. Kjekt då at vi skårar 4, produserer bra med sjansar, og har bra defensiv kontroll, trass i to baklengsmål. Syns likevel mange skal vere nøgd i dag med innsatsen. Fleire som viste seg fram på ein positiv måte av dei som ikkje spelar mest til vanleg. Positivt!

Merka nok på heiaropet og stemninga straks etter kampen at vi ikkje var enormt glad i dag, men tre nye poeng er eit faktum. No skal vi arbeide godt på treningane framover, halde ved like i juli, og jobbe knallhardt dei to vekene vi skal samlast i august før HaNo-Godøy2/Vigra2 den 17.august.

Ingen kommentarer: