torsdag 18. juni 2009

Knallkøyr til og med Øyacup!

Det står att berre ein seriekamp før sommarferien. Giske heime neste onsdag. På treninga fredag og måndag vil eg og LP sjå etter kven som held oppe balltempoet, flyttar føtene, og kjem i gang treningane gjennom gode haldningar. Dei som gjer det, for fort mykje speletid i denne kampen. Sjølv om ein kan å lese tabellar, ER INGEN KAMPAR WALKOVER! Som døme kan ein seie at stillinga ved pasue var 0-0 mellom Ellingsøy og Giske for få veker sidan.

Etter den er det halvanna veke før Øyacup på Fjørtofta (4.-5. juli). Her køyrer vi treningar måndag-onsdag-fredag med hard intensitet. Ikkje berre for oppkøyring til Øyacup (!), men for å halde ved like kondisjon og form før sommarpausen. Vi samlast att til første obligatoriske fellestrening måndag 3. august, men vi skal spørje/sjekke opp korleis vi gjer det i sommarferien. Ein idé kan vere å sette opp slik:
Måndagar kl 1750 Nordøy
Fredagar kl 1750 Austnes

...som faste tider, og så held vi kontakten her på bloggen kven som står som ansvarleg (skaffe utsyr/nøkkel, leie treningane basert på oppvarming og fotballspeling) for kvar trening. Det er ganske mange som er heime samstundes, og banene ligg der grøne pg finare enn noko anna tid på året. Dessutan har alle ansvaret for å halde ved like forma i juli månad.

Ingen kommentarer: