torsdag 4. juni 2009

Fotballskule slutten av juni

HaNo FK ved trenarkoordinator Kenneth Ulla og yngresavdelinga har planar om å arrangere fotballskule 29. og 30. juni. Melding frå Kenneth:
Då treng vi instruktørar. Vi vil ha hjelp frå herre- og damelaget. Skulle gjerne fått spurt om det er nokon som har høve til å stille som instruktørar ein eller gjerne begge desse dagane. 3-4 timar kvar dag. Vi treng minimum 6 instruktørar kvar dag for at dette skal gå ihop.

Dette blir tatt opp på trening. Er det nokon som kan, så er det berre å melde seg! Dette er viktig dugnadsarbeid, og veldig kjekke dagar!

Ingen kommentarer: