tirsdag 22. mars 2011

Møter Vigra onsdag

HaNo spelar årets fjerde treningskamp borte mot Vigra på Valdervoll i morgon onsdag kl 19. Vigra datt ned frå 4. til 5. divisjon før denne sesongen her, men er ikkje i HaNo-avdelinga. Spelande trenar Erlend Holm har gitt seg som trenar, men skal etter det vi forstår framleis spele for Vigra. Faren hans, Arild Holm, er no trenar for laget. Men Holm senior er ikkje like trottig som sonen og oppdatere Vigra si heimeside, som har blitt ribba for herrelagsinfo.
Dei har gjort det brukbart så langt: Slått Godøy klart, og vann b-sluttspelet i Hareid Group Vintercup. Slo mellom anna Gursken/Larsnes B i finalen der i helga, samt Åheim i semifinalen.

HaNo då? Vi har tapt mot Norborg, Tomrefjord og Aspøy så langt. Innandørs og 9-arfotball har gitt tap mot Harøy i januar og siger mot Lepsøy i februar. Om det hadde vore odds på kampen i morgon, ville nok den ha bikka kraftig i Vigra sin favør. Men vi trenar godt om dagen, og skal nok lære oss mykje i morgon også. Vi må nok likevel opp eit hakk eller tre på INNSATS, føler no eg. Ikkje at den har vore dårleg i det siste, men etter rykta frå Tomrefjord-kampen, så må viljen meir opp :)

Lars Petter skal vere med, medan Per Jarle ikkje er klar pga ryggskade. Elles blir vel dei fleste med. Per Kristian bestod den medisinske testen kl 22.55 etter treninga i går, og verka uforskamma frisk. – Einaste var då eg skulle skyte det hardaste eg greidde, uttalte han etter Vegard si eine skottreningsøkt.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Kor hen den bana ligg? Å ka bane det e?

Odd einar sa...

Valdervoll ligg om lag med det same du kjem opp tunnellen på Valderøya. Ta av i rundkøyringa. Lure på om der ikkje stend skilt :)