fredag 18. mars 2011

Kjekt med hall, gitt!

Sjølv dei som har splitter nye kunstgrasbaner slit med å bruke dei store delar av vinteren. Vi har no fått opp hallen vår, og brukt den i ein månads tid. Her er nokre bilete frå onsdagsøkta, der det var oppvarming før turnering mellom.. Ja, kva enda det med... Galatasaray, Leeds United og Manchester City..?

No er det ny økt i kveld 1830, før måndagstrening og deretter match mot Vigra på Valdervoll onsdag kl 19.

Mert med siste økt før avreise til Polen/Tyskland. God tur!

Kenneth og Olve er både jamaldra og jamnhøg. Sånn heilt plutselig.

Joakim og Pål i samtale under oppvarminga.


Sigvard har med ball på oppvarminga rundt i hallen. Ei runde som tek litt lenger tid enn å varme opp ei runde rundt gymsalen. Nåkken som sakna gymsalen, sa du...? ;)











Ingen kommentarer: