søndag 27. mars 2011

Møter Harøy 9. april

HaNo og Harøy møttest i januar i IP-Huse-hallen. Harøy vann 14-11. No er det på tide at Harøy får teste ut Nordøyhallen, og vi møtest til kamp laurdag om to veker, 9. april. Dersom laga greier å stable nok folk på beina, kan det bli aktuelt med to lag kvar, og vi køyrer ei miniturnering, men viss ikkje spelar vi nok ein 9-arkamp som sist. Dei andre kampane (Ravn og Aksla) som er rett forut er endra datoar på. Joakim skriv sikkert inn korleis det ligg an der med det første.

0 kommentarar: