mandag 28. mars 2011

Ein månad til seriestart

Spelande ass.trenar Lars i 2010 mot Emblem. Bylaget forsterka sitt favorittkandidatur med god kamp mot Kolstad i Tyrkia.


  • I dag er det nøyaktig ein månad att til seriestart i 5. divisjon avdeling 3. Vi feirar det med å trene i dag kl 2015 i NH, samt spele to 11-arkampar og ein 9-arkamp mot Harøy no før påske.


  • Emblem finpussar på opprykksambisjonane i Tyrkia ein månad før seriestart. I siste økt spelte dei mot Kolstad, som spelte i 2. divisjon i fjor. Kampen var jamspelt, og enda med 3-2 til trønderane rett før slutt, ifølge outzide.com. Eit meget sterkt resultat av Emblem.


  • Skodje tok også ein bra skalp før helga. Trass i Blindheim-leiing på Skøye-kunstgraset, snudde heimelaget til ein bra 6-4 siger. Skodje har også Bjørnar Aure (korsbandskade) på veg tilbake på bana.


  • Ørskog blir også å rekne med i toppen. Ein grei sesong i 4. div i fjor. Slo Aksla 5-1 i treningskamp for noko sida tyder godt. Dei skulle eigentleg møte same laget i kveld, men den er i følge murerane.com avlyst pga snø.


  • stordal.nu er ei sårt sakna nettside. I følge skodjebloggen er a-laget på veg til Nederland på treningsleir, og dei som oss andre er spent på kva dei har å by til årets sesong. Av andre kollegaer i divisjonen er det relativt stille om ein gløttar på kampaktivitet og nettsidene deira. På Ellingsøy si nettside kan vi frette at grasrotandel-medlemmar minkar, og at dei møter Vigra på onsdag :)


  • HaNo sine to første mortstandarar, Norborg2 og Brattvåg2, spelar vel få eller ingen treningskampar, men spesielt Norborg har ein jamn tropp på 25 mann. Dvs at dei vi møter til seriestart om ein månad nok er meget matchfit og gira på å spele på førstelaget i 1. divisjon.

5 kommentarer:

Ove sa...

Bli det nokke kampa i påskå ska tru? :) eller det kun turneringa i NH?=)

Odd Einar sa...

Ikkje planlagt nokken treningskamp i påska føreløpig, nei. Såg du føre dej et innhopp, Hesten? :)

Ove sa...

ja, asso...ej gjor det!;) ha ivertfall vør nauta kjekt!:D
Men ej ska nøye mej me turnering i NH!:)) ser fram t det!:D
ellers e det berre bra me gutta-krutt?:)

Odd Einar sa...

Kan no svare for mej sjølv, og velge då JA! her e det berre svært.Kan elles frette om at Mikke he kjøpt nye sko. Han skyt no nesten like hardt so du, Hesten!

Du skjønna, han gjekk på en "Dobbel Dusch"- budsjettsmell. Han spyla en desiliter med den flotte hår/kroppssåpa før kvar kamp, nedi skona for å unngå gnagsår.

Ove sa...

flott å høyre!!:)) å so håpe ej no alt stend svært tej me restn ta bølingen!:)
å at han Mikkel rev he kjøpt sej nye sko, det e ei stor glede å høyre!!:D
å so må ej no gi han litt kritikk! ekje han den mest rutinerte på laget?ej ha trudd at han ikkje ville gå på "Dobbel-Dusch" smelln...men men! kan ikkje forvente alt!;)
ej gle mej slik t å sparke ball ilame gjengen!!:D
hiv å hoy!:D