tirsdag 8. juni 2010

Runde 9

Stranda2 opna 9.serierunde med siger heime mot Lepsøy i kveld. 4-1 blei stillinga, der Stranda2 stilte med gode Mario Strecky (som skåra to mot oss) og Ronnie Furset på topp. Rune Rønstad reduserte for Lepsøy i andre omgang. I morgon onsdag spelast det nesten full runde. Unntaket er Stordal-HaNo som er utsatt.

Kanskje mest spenning knytt til Ravn-Harøy. Harøy-trenar er vatnebygdar Jan Vatnehol, og Erlend Fjørtoft, frå Fjørtoft, har eit par sesongar bak seg i Harøy-drakta. Ravn har mista litt piffen i det siste, medan Harøy ikkje har mista forma i det heile. Men blir det likevel ein knipen heimesiger..?

Aksla slår Giske, medan Brattvåg2 tek i mot Emblem. Muligens fordel Emblem denne gongen, med ein del suspensjonar på Brattvåg sitt a-lag, som kanskje sparer alle potensielle til a-kamp på fredag. Men BIL har heime ganske mange studentar også om dagen. Storkampen går i Mauseidvåg/Solevåg. Dersom MSIL slår Hessa blir Hessa hekta av i kampen om opprykk. Men med bortesiger går vi mot ei open avdeling i haust. Det er kanskje det "alle" håper på...?

Ingen kommentarer: