torsdag 24. juni 2010

Ikkje trening fredag

Syns vi gjorde eit ærleg forsøk i kveldens kamp mot MSIL. Dei var det beste spelmessige laget, men vi gjorde det ikkje lett for dei. Hadde vi vore dyktige nok, og hatt mest krefter, kunne vi ha reist derifrå med poeng!

Fredag droppar vi treninga, men som eg sa i garderoben: Alle bør for sin eigen (og dermed laget) del ta ein 45 minutts sykkel eller fjelltur for å restituere kroppen i morgon tordag eller fredag:)

Info om tropp Stordal kjem torsdag. Audun og LP blir ikkje med kampen.

1 kommentar:

Cato sa...

Kjedli at han preben ikkje fekk frispark når han stian hadde strake hende i ryggen hass, for så å få corner, en corner som gjekk i mål...