onsdag 2. juni 2010

Heldt nullen!!!!!!!!!!

Sjeldan eg spanderer så mange utropsteikn i tittelen på eit innlegg her i bloggen. Men sidan vi valgte å ikkje sleppe inn mål i serien sidan serieopninga borte mot Godøy2 i fjor, så er det heilt på grensa til gledeleg!! Aksla er eit skåringskåt lag, med 5, 3 og 7 skåringar i sine siste kampar. Så hipp hipp til forsvarsdelen av laget vårt.

Ein annan tittel kunne vore:
Kanonskåring i comebacket. Gratulerer med flott comeback, Preben, og ikkje minst grattis med ei glimrande skåring!

Ingen kommentarer: