mandag 14. juni 2010

BIL 2 trekk seg

Det ser ut til at Brattvåg2 har trekt laget sitt frå 5. divisjon. Etter det hanoherre.blogspot.com kjenner til, har ein frå Brattvåg IL fortalt Harøy at den utsette kampen mellom dei ikkje går av stabelen på grunn av at dei kjem til å trekkje laget sitt frå 5. divisjon.

BIL2 har kava med å stille lag sidan få blir brukt frå a-stallen, og juniorlaget blir skadelidande gjennom å bruke for mange spelarar på kampane deira. Dersom dette er riktig vil ganske mange "miste" 3 poeng. BIL2 har til no 3 poeng mot Giske, og tap mot Stordal, Ravn, MSIL, Lepsøy, Hessa, HaNo og Emblem.

Og i det eg skriv dette ser eg også at kampane laget har framfor seg ikkje står registrert på resultatsida til fotballkretsen. I tabellen er resultata til laget nulla ut.

Ingen kommentarer: