søndag 23. august 2009

Tet-trio?

Resultata har byrja å gå slik vi trudde på førehand i år. Med Lepsøy-Ellingsøy 1-2 i går, tyder ein del på at det er Ellingsøy, HaNo og Ravn som skal kjempe om dei to opprykksplassane i haust. Lepsøy har like mange poeng som Ravn i dag, men kanskje er gjengen frå Vatne/Tennfjord i godt haustslag? 5-1 siger på Harøya var solid, og eg trur at dei fekk lite betalt i form av poeng for vårsesongen sin eigentleg.

Elles noterer vi storskårarar i avdeling 2. Sjå oversikt på stordal.nu. Til samanlikning har vi også skåra bra med seriemål (30), men dei er ganske godt fordelt. Toppskårar til no er Jan Egil med 6 og LP med 5.

Ingen kommentarer: