onsdag 19. august 2009

GuLars mobiliserer

Våre vener i Gursken/Larsnes, som vi har møtt mange gongar i seriesamanheng dei siste åra, har skaffa tilbake spelarar som har vore i Hareid og Hødd. Norborg.com og Hareid IL sine heimesider melder om at 4 mann (Thomas Sætre-Hauge, Oskar Gunnarstein, Marius Gunnarstein, og Preben Sætre) er tilbake. Dei har tapt mot Tjørvåg, men slått Flø etter ferien, og ligg rett bak playoff-plass i avdeling 1.

Mykje kan tyde på at Hareid2 (vil ikkje) og Bergsøy2 (kan ikkje) blir verande i 5. div neste sesong. Det gjer at GuLars er hakket bak Åheim og Tjørvåg i kampen om dei to kvalik-plassane i avdelinga.

2 kommentarer:

Kent sa...

Ser ut som Giske signerte nokre fotballsparkara på sommerfesten også. Fekk sine første 3 poeng mot Brattvåg2 i dag

Jonas sa...

Høyre rykte om en svolten Rybak og eksplosive Jan Eggum? Kan det stemme?