tirsdag 11. august 2009

Tap i "generalprøva"

Kort ref på HaNo-sida.
Stordal var eit lag som passa oss glimrande i oppkøyringa til haustsesongen. Fotrappe spelarar som gjorde det vanskeleg for oss i store periodar av kampen defensivt. Samstundes fekk vi ein kamp i føtene før to treningar igjen til kamp måndag. Det store poenget er å kome i kampmodus som eg sa, og eg må vel seie at eg er glad gårsdagen ikkje var seriekamp. Vi har eit stykke igjen til forma, ikkje overraskande nok. Tidvis viser vi, trass i ofte byting av folk og posisjonar, at vi brukar kantar, og spelte mykje bra "på fot" i angrepsspelet vårt. Meir oppsummering på onsdagstreninga.

Kom for all del med innspel på kva vi fekk til, og kva vi bør forbetre!

Ingen kommentarer: