torsdag 6. august 2009

Banedagbok på nett/møt opp i betre tid!

Banedagboka for haustsesongen ligg no i margen på venstresida på HaNo-sida. Der kan du sjekke treningane framover. Vi går i utgangspunktet for desse tidene. Om det blir endringar skal eg sende ut på sms i tillegg til beskjedar på trening og her i bloggen.

Ein annan ting: På hausten sine to første treningar kjem det mange på nøyaktig treningsstarttidspunkt, eller 2-5 minutt etter. Dette gjeld ikkje berre dei som kjem tilreisande. Det vil seie at vi kjem for seint i gang med treningane. Dette var ganske bra i vinter/vår, men altså litt sløvare no. Dette må vi få inn gode rutinar på igjen! Møt heller 5-10 minutt før, slik du er i gang med jogging ved starttidspunktet av treninga!

Ingen kommentarer: