mandag 10. august 2009

Harøy mot Ellingsøy laurdag

Det går mot to avgjerande veker for Harøy og Ellingsøy. Dei møtest i første seriekamp i vår avdeling no på laurdag. Harøy har framleis ikkje fått sine tre Giske-poeng på den offisielle tabellen. Men Harøy har 12 poeng, og går opp på 15 om dei slår Ellingsøy. Dermed vil HIL berre ligge eitt poeng bak oss.

Dei gulkledde gjestane er vel best på kunstgras, og det blir spennande å sjå kor godt dei gjer det i sine to første haustkampar, som altså først er på Harøy stadion, før dei også skal bite i eller juble på Lepsøy-graset 22.august. Så skal likegodt Ellingsøy spele mot Harøy igjen allereie 25. august.
Tabell, og framtidige kampar i vår avdeling her

Ingen kommentarer: