mandag 14. februar 2011

Smånytt

HaNo skal spele første kamp under Joakim på onsdag mot Norborg i Uggedalen. Det er ikkje så mange som har spelt kampar endå i vinter av lag i vår avdeling. Emblem har tapt to gongar mot god motstand, men har etter rapportane hengt med i kampane spelemssig både mot Norborg (1-5) og Valder (3-5). Emblem durar på med 10 treningskampar pluss treningsleir i Tyrkia i satsinga mot avdelingssiger.

Skodje har også begynt å røyve på seg. 2-2 mot Tomrefjord i Uggedalen forrige veke. Eit Tomrefjord-lag som er trottig gjest på Sunnmøre i oppkøyringa. Laget har fått tilbake mange spelarar i vinter, og møter HaNo i Uggedalen i mars. Elles kjenner vi ikkje til andre treningskampar med lag frå vår avdeling.

100-åringen Harøy IL sitt herrelag er i trening, og dei er førebels leia av spelarane Stian Harnes og Nicolai Brunvoll, i følgje haroyil.no

Ingen kommentarer: