torsdag 17. februar 2011

12 lag i 5. divisjon 2012?

Terminlistemøtet måndag er gjort unna, og ein del kampar har blitt flytta for HaNo sin del (ikkje så mange i vår). Speleplanen her.

Noko som såvidt blei drøfta på SFK sitt terminlistemøte er dette med kor mange lag det blir i 5. divisjon 2012. Det får konsekvensar for kor mange lag som blir verande i divisjonen i år. Det har blitt sagt at det skal vere 10 lag i 5. div 2012. Men kvifor ikkje 12...?

Målsettinga må vere å halde på dagens antall lag på Sunnmøre. Det er 32 lag i årets 5. divisjon, fordelt på 3 avdelingar. Om talet held seg (og kvifor skulle det ikkje det?) neste år vil det vere klart mest fornuftig å ha 12 lag i 5. divisjon, og fordele dei 20 andre på to 6. divisjonsavdelingar. Om det blir 10 i 5. divisjon, må det vere om lag 11 i 6. divisjonsavdelingane. Det vil vere i strid med signala som er gitt frå både krets og klubbar tidlegare: At dei som ikkje satsar så seriøst, og befinn seg i lavaste divisjon, så er det å spele 20 kampar eller meir for mykje. Det går derimot veldig i tråd med dei som vil vere i 5. divisjon. Her er 22 seriekampar passande, og mange "gode" lag (les dei som vil bruke meir tid på fotball) vil ha ambisjonar om å halde seg her.

hanoherre.blogspot.com veit at det vil kome engasjement frå klubbane på dette her i tida som kjem. HaNo FK vil vel også meine at 12 lag i nest lavaste divisjon må vere det aller mest passande. Finn i grunnen ikkje noko argument for at den skal bestå av 10 lag, med dagens antall lag i systemet.

1 kommentar:

Anonym sa...

Helt enig. Skjønner ikkje korfor dei vil berre ha 18 kamper i 5 div.

Men 7er serien vil dei utvide til trippel serie og få 18 kamper..

Det heng jo ikkje på greip!!