søndag 6. februar 2011

Set av onsdagen i påska

I morgon måndag er det etter alle solemerker klart for kunstgraslegging i Nordøyhallen. HaNo-sida vil heilt sikkert oppdatere ut gjennom komande veke utviklinga der. Sjølv om at graset ligg der, og det muligens kan verte trening der om ei vekes tid (!!!!), så må vi innstille oss på fleire kjekke dugnadstimar framover. Tilbygget skal arbeidast med, og det skal også til dømes leggast plater innvendig mot bana.

Med vår nye storstove på plass opnar det også mulegheiter for små og store turneringar. Bloggen veit at det er planar om ei internturnering i påska. Type to baner med five-a-side, med dame- og herreklasse. Konseptet blir sikkert noko sånt som at du melder deg på, blir fordelt på eit lag, og serie/sluttspel i løpet av onsdag 20. april (onsdagen i påskeferien). Så her det berre å sette av dagen, og planlegge påskeferien etter det ;)

Ingen kommentarer: