torsdag 30. desember 2010

Spelarmøte søndag 2. januar

SUS er i ferd med å legge kabalen for sesongen 2011. I den samanheng ynskjer dei å ha spelarmøte med seniorlaga for å informere. Datoen er 2. januar. For herrelaget sin del blir det spelarmøte kl 16.00-16.45. Deretter trening i gymsalen frå 16.45 - 18.15.
Det er eit skikkeleg generasjonsskifte på gang på herresida. SUS oppmodar alle unge spelarar om å møte, og samstundes at alle "eldre" spelarar som kan vere med å bidra i trening og/eller kamp, om å gjere det same.

Det er svært viktig at alle som har fått innkalling, eller som ikkje har fått innkalling, men har lyst å vere med å trene, gir tilbakemelding til Solveig. Gi melding om du har lyst å vere med, men ikkje kan møte. Solveig sitt mob nr er 99 32 36 67.

Demir byr på dans på Nordøy i sommar. Han har også svinga dansefoten i romjula. No blir dansefoten erstatta med spelarmøte og trening på søndag.

Ingen kommentarer: