torsdag 2. desember 2010

Neste års 5. divisjon

Biletet: Vegard og Michael kan igjen vere å sjå på Nes stadion på Ellingsøy for serieoppgjer i 2011.
I helga er det Kretsting i Sunnmøre fotballkrets. Mellom sakene er korleis 5. divisjon skal organiserast. Med ”raset” av klubbar nedover divisjonane etter omlegging av systemet frå og med 2011 blir det endringar. I år kom vi den uheldige situasjon at det var att 23 lag i 5. divisjon. Eit ekstraordinært Kretsting i mars 2010 avgjorde at det blei gjort om til 2 avdelingar i staden for 3. Hareid IL går inn for gjeninnføring av 6. divisjon (Sjå blogginnlegg ovanfor)

MSIL og Hovdebygda vann kvar si avdeling og går opp til 4. divisjon, som blir slik i 2011: Valder, Hareid, Rollon, Norborg, Spjelkavik, Godøy, Ørsta, LangevågFK, Sykkylven, Blindheim, MSIL, Hovdebygda.

På Hovdebygda si heimeside har dei spekulert i om dei vil opp. Om dei held seg i 5. div er det Åram/Vankamp som beheld plassen i 4. divisjon.

Kva så med 5. divisjon neste sesong? 7 lag kjem ned:
ÅVK
Vigra
Vartdal
Ørskog
Skodje
Ellingsøy
Åmdal.

Her er laga som er att frå 5. div 2010 (plassert etter tabellplassering frå nr 2 og nedover)

Avd 1

Emblem
Harøy
Stordal
Hessa
Ravn
HaNo
Lepsøy
Stranda 2
Aksla
Giske


Avd 2
Åheim
Sunnylven
Hareid 2
Hasundgot
Bergsøy 2
Tjørvåg
Sæbø
Kvamsøy/ÅVK 2
Gjerdsvika
Haddal


Dette tel 27 lag. Då blir det heilt sikkert tre avdelingar á 9 lag. Men om talet er 27 veit ein ikkje før fristen har gått ut i januar. Herd2 bør bli eit nytt lag på Sunnmøre, men om nokon trekk seg veit ein heller ikkje.

Ingen kommentarer: