mandag 27. desember 2010

Larsane klar for semi

Lars Åkre tronar framleis på topp i samandraget. Lars U trygga i grunn ein ganske så sikker semifinaleplass han også med sine 50 poeng. Han strauk ein 2-poengar, og har framleis ein 3-ar å stryke.

Elles er det ikkje avgjort, sjølv om Kenneth U er også godt plassert innanfor topp4, med ein 3-arrunde til han kan stryke. Oddmund har også ein 3-ar til å stryke, så det ser bra ut for han også. Av dei som jaktar bak med eitt poeng mindre (Frank, Odd Einar og Kent Inge) er det kun Frank som har ein 3-arrunde til som kan strykast. Siste innleiande runde går 1. januar.

Samanlagt etter 11 rundar (10 beste er teljande)

Lars Åkre 51
Lars Ulla 50
Kenneth Ulla 49
Oddmund D Otterlei 48
Odd Einar Molnes 47
Kent Inge Klokk 47
Frank Dalhaug 47
Jan Egil Ulla 45
Per-Kristian Klokk 44
Kenneth Hansen 29
Cato Longva 29
Sondre Steen 14
Lars Petter Haram 14
Vegard Halkjelsvik 8
Tor Gunnar Standal 5
Erik Åkre 3

Runde 11
Kent Inge Klokk 6
Odd Einar Molnes 5
Lars Åkre 5
Jan Egil Ulla 5
Per-Kristian Klokk 5
Kenneth Ulla 4
Oddmund D Otterlei 4
Lars Ulla 4
Frank Dalhaug 3

(PS! Eg har ikkje definert reglar for eventuelt poenglikheit, så dersom det er likt mellom nokon som kjempar om topp4-plassar, blir det ein omkamp-runde mellom desse).

Ingen kommentarer: