torsdag 7. oktober 2010

Treninga fredag kl 17 hundre

Kristian (bilete knipsa av sambuaren mot Giske) blei i går skikkeleg lurt. Med godt planlagt avreise 1850 passa treninga i går rimeleg godt. Bortsett frå at det var onsdag då... Då er det grese med ferjer sånn generelt på den tida. I morgon fredag prøvar vi på nytt, med følgjande plan:

Avreise 1615 med ferje frå Skjelten. Den kjem sullande godt over halv fem med peisfull ferje til Austnes. Treninga er kl 1700 på Nordøy (ikkje 1720 som tidlegare skrive)

Avreise 1850 (og den går også) frå Austnes.

PS! Vi diskuterte på treninga i går å få til eit spelarmøte i etterkant av treninga fredag. Men det ser ut som om vi må drøye det ei veke eller noko. Beskjed kjem i så fall i løpet av dagen i dag om det blir eit møte i morgon.

Ingen kommentarer: