torsdag 14. oktober 2010

MSIL blir også Krinsmeister

MSIL slo Hovdebygda komfortabelt 6-0 i første kamp om KM-tittelen denne veka. Returoppgjeret skjer i Hovdebygda 23. okt, men dette er avgjort. Om dette seier noko om styrkeforholdet mellom dei to avdelingane vil ikkje MSIL sine skribentar hevde noko om i kampreferatet, men ein kan kanskje tolke det slik..?

4. divisjon blir neste år den øvste krinsserien på Sunnmøre. Og desse blir laga i den divisjonen: Blindheim, Godøy, Hareid, Hovdebygda, Langevåg, MSIL, Norborg, Rollon, Spjelkavik, Sykkylven, Valder og Ørsta. Ein knallsterk divisjon for Hovdebygda, i følge dei sjølve.

Ingen kommentarer: