tirsdag 19. oktober 2010

Pokaldryss over HaNo etter 2010-sesongen

Her var fleire jubilantar samla: I muren Odd Einar, Kenneth (manglar berre 9 til 750), Åge. Bak skimtar vi Demir og Vegard. (Foto:Sybell)

Eit heilt fotballag med menneske mottek pokal for antall spelte kampar for klubben vår etter 2010-sesongen. Kapteinen runda 250 kampar, og mellom anna Stig Erik rakk å spele sin HaNo-kamp nummer 100 i år. Henrik bikka 50 på tampen i fjor, men fekk aldri utmerking for det, stakkar. No skal det bli ordnings.

Pokalar etter sesongen 2010

Per Kristian Klokk 250
Michael Austnes 150
Odd Einar Molnes 150
Stig Erik Nogva 100
Vegard Halkjelsvik 100
Cato Longva 100
Åge Flem Ulla 50
Kristian Kalvøy 50
Henrik Åkre 50
Demir Haram 50
Preben Lorgen 50

Kenneth kan ikkje legge opp, då han manglar berre 9 for å passere 750. Stig Frode er også nær jubileum med sine 143. Kan også nemne at Jan Egil med sine 347 må gjere comeback i blått. Vebjørn prioriterte noko damegreier i sommar, og stoppa på 49 HaNo-kampar førebels den damefuten:) Even treng to Øyacup-somrar til (46 kampar) for å få seg ein pokal med moderklubben.

2 kommentarer:

Kenneth sa...

Dyr i drift dokke karane:) Kom ei kasse stor som et fjell med pokala i går...So det e berre å møte opp å søndag for å hente. Tru faktisk der va en pokal eller 3 til som skal delast ut til en ta herrespelarane;)

Ove sa...

ser at han Arne Skeie he fleire kommenterte kampa en du he spelt kampa...e d et lite oppgjer på gång???;)