mandag 4. oktober 2010

Giske med fin siger

Giske og Ravn avslutta sesongen i helga med sine siste kampar for sesongen 2010. Ravn blei for sterk for HaNo onsdag, men i helga tapte dei 3-4 borte mot Giske. Giske har hatt ein fin haustsesong, og bryggar på noko positivt. I haust har laget slått Aksla, Harøy og Ravn heime, og til dømes "berre" tapt 3-5 mot Emblem.

Ravn har vore ujamn i år. Starta sesongen særs gjerrig og slapp nesten ikkje inn mål. Storskårar Trond Hamre fekk ein smell mot Brattvåg2 som varte heile sesongen, og var sakna hos Vatne/Tennfjord-laget. Laget har rett nok meget god rekruttering, og kunstgrasbana har skote fart i yngres-arbeidet i klubben. Det er berre så det aular med folk kvar gong vi er innom bana på Eidet. Erlend Fjørtoft tar, etter det vi kjenner til, ikkje ein ny sesong ved trenarroret.

0 kommentarar: