lørdag 6. februar 2010

Treningsleir på Harøya- Påmelding!

Eg vil ha påmelding (sms) innan søndag kl 18:) Der kan du også skrive om du har avtalt med nokon andre om romfordelinga.
Prisar overnatting inkl. frukost søndag (også inkl ca 100 kr i rabatt pr person som klubben spyttar inn)

Fire på rommet (pr pers ca 300,-)
Trippelrom (pr pers ca 430,-)
Dobbeltrom (pr pers ca 530,-)
Enkeltrom (ca 790,-)

Her er litt info om turen til Harøya 13.-14. februar.
Laurdag 13.februar
Hurtigbåt
Ålesund 1045
Lepsøya 1125
Haramsøya 1135
Harøya 1200

Ferje
Brattvåg 1040
Ank Harøya 1135

- Dei som har bilar ventar på hurtigbåten og skyssar alle til Huse og IP Huse-hallen.
- Fotballturnering 8-arfotball. Dame og herre. 2 eller 3 kampar på kvar.
- Høve til å bruke varmt klubbrom ved sida av hallen, og garderober. Sal av mat i kiosk i hallen.
- Retur Finnøy sjøhus ca kl 18. Innlosjering på rom.(Her kan det bli tid til å nytte badeland på Finnøya, men blir sikkert knapt med tid)
- Tacobuffet ca kl 20.
- Buss til Myklebust, dans på laurdagskvelden. Buss tilbake etter dansen.(Dansebillett + buss t/r ca 250 kr)

Søndag 14. februar
- Frukost til avtalt tid på Sjøhuset.
- Bruke Badeland for dei som vil.
- Trening i Hallen kl 12-1415 for HaNo herre/HaNo/Lepsøy damer sin del, begge laga, vi avtalar korleis vi brukar hallen seinare..

Avreise hurtigbåt kl 1435
Avreise ferje kl 1535

Ha med bra med klede, det er minst like kaldt inne i hallen som det er ute, men lite vind og nedbør:) Hue og tynne treningshanskar er ikkje dumt.

Ta elles med ein ekstra shorts/badedrakt til bading. Og godt humør og kampvilje!!
Dersom nokon kan stille med bil er det kjempefint!!!

Det seier seg sjølv at dette kostar pengar. HaNo og Lepsøy vil gå inn med støtte til turen (10.000-13.000 kroner??). Desse pengane vil gå til å betale bensinpengar til sjåførane, tacobuffeten for alle og ein sum for å vere med på turneringa (Hall-leige søndag). Då er det også forhåpentligvis nokre kroner til overs for å sponse overnattinga. (Då blir det om lag dei prisane som står øvst for overnatting.)

Sjå meir på http://www.haroyil.no/ og Finnøy Havstuer

Ingen kommentarer: