mandag 8. februar 2010

SFK med ekstra styremøte

Sunnmøre fotballkrets skal onsdag ha eit ekstraordinært styremøte. Der er det ei sak på agendaen: Skal SFK sjølve kalle inn til eit ekstraordinært Kretsting? Her skriv ein kva som ligg til grunn for dette, slik dagleg leiar Haukeberg ser det.

Etter at Helge Skuseth og Sunnmørsposten både skreiv ei side om dette, og hadde ein kommentar på sportsleiarplass før helga, har det skjedd reaksjonar frå Kretskontoret. Formelt sett har SFK full kontroll på denne saka (som ein kan lese i innlegget). Til dømes har underteikna tatt kontakt med SFK, men det er leiarar og ikkje trenarar eller andre i fotballfamilien dei tek omsyn til ved henvendingar til SFK. No har SFK- og det skal dei ha honnør for- tatt kritikken rundt omkring til vitande, og forhåpentligvis vil dei lytte til klubbane. Det gjer dei ved å sjølve kalle inn til ekstraordinært Kretsting. Med dette er eit betra sportsleg tilbod i 2010, og betre føresetnader for sesongen 2011 eit langt steg nærmare.

Ingen kommentarer: