fredag 19. februar 2010

Kampen er avlyst-trening laurdag kl 11.

Kampen mot MSIL er avlyst. Uggedalen stadion er ikkje isfri. I følgje Norborg.com spelte Norborg mot Ravn i går, men dei ga seg etter 70 minutt. Banemannskapet tilrår at vi utset kampen og finn ein annan dato. Det er ikkje bestemt når kampen går i staden.

Det blir i staden trening på Austnes laurdag kl 1100-1300. Dette passar med ferjer. Håper alle tek turen utover, så vi får ei skikkeleg treningsøkt. Den går føre seg slik:

1100-1145: Vi har ulike former for løpstrening langs vegane på Austnes (Ta med joggesko!)
1145-1300: Innandørs Austnes. 2. runde av Vintercup, går av stabelen. Spenst/styrkeøvingar.

Ingen kommentarer: