søndag 14. februar 2010

Bra både sosialt og treningsutbytte

Etter endt treningshelg på Harøya er konklusjonen grei frå mi side: Synest vi sportsleg sett hadde ein kjempedag med turneringa i går laurdag. Sjølv om verken HaNo 1 eller 2 kom i finalen, så var utbyttet godt, og spesielt kjekt bekjentskap med Sindre og Mads som gjorde positivt inntrykk under turneringa i går. HaNo 1 spelte ein skikkeleg god kamp mot Ravn 1, medan HaNo 2 dessverre tapte første kamp mot Ravn 2. HaNo 2 fekk rett nok ein solid siger over Harøy 2, og vann internoppgjeret mot HaNo 1 i bronsfinalen. Vi hadde også ei grrei økt i hallen i dag, slik at vi hadde mange timar med fotball under særdeles gode banetilhøve i helga. Einaste minus blei vel kanskje LP, men dette går forhåpentligvis (inn)over.

Sosialt sett håper eg at spelarane var nøgd med helga. Bra taco, og det blei vel god stemning på dansen også:) Elles spekulerer Cato i om vi kan få heimekampane på Harøya, slik at Odd E sitt lag har klare offsidefordelar;)

Ingen kommentarer: