lørdag 23. januar 2010

24 påmledte lag- opprykksjansar?

Som nemnt på spelarmøte, så kan det altså ende med eit ras av lag nedover frå 3. og 4. divisjon til 5. div osv gjennom ei omlegging av divisjonssystemet på nasjonalt nivå. Skodje IL si heimeside har vore fjøre sjø lenge, men no har dei ein oppdatert og bra blogg. Reknar med det er midtbanespelar og Sunnmørspost-journalist Eirik Nesset Hjelvik som er primus motor.

Her drøftar ein konsekvensane for korleis det blir å overleve i 4. divisjon for våre 2009-opprykksrivalar. Kommentarfeltet er fylt opp med engasjerte innskrivarar.

Kva som blir konsekvensane for opprykkssjansane for laga i 5. divisjon er uansett uvisst på noverande tidspunkt. Avdelingsoppsettet blir også spennande for vår del. Pr 20. januar, som var fristen for påmelde lag, var det 24 påmeldte lag i 5. divisjon (Stordal står to gongar). Her er eit oversyn. Men erfaringane frå i fjor viser at fleire lag kan både melde seg på og av både før og etter eit oppsett kjem...

Om ein legg opp til 2 avdelingar (22 seriekampar på kvar) er kanskje tvilsomt? Alternativet er kanskje 3 avdelingar med trippel serie. (21 kampar, men meir lokale kampar). håper i alle fall at Sunnmøre fotballkrets tek imot tilbakemeldingar på at det var for få kampar i 2009-sesongen.

Ingen kommentarer: