Sesongen 2009 på Sunnmøre blir definitivt over etter søndagens cupfinale. Men no er alle seriar og kvalikar over. Nokon gjekk ned, nokon opp.
MSIL er skuffa så klart. Statistikken deira med 18 sigrar, 2 uavgjorte og 1 tap gjennom heile sesongen talar for seg sjølv. Ei tragisk, men fin og oppmuntrande betraktning, kan du lese frå
MSIL sin Vegard Eikrem her.

Eitt lag frå kvar avdeling gjekk opp, men ikkje avdelingsvinnarane HaNo og MSIL. Diskusjonen om kvaliken er på sin plass eller ikkje blussar opp att sjølvsagt. Det var i alle fall 6 jamne og gode lag som møttest, og då meiner mange det berre er å sende opp avdelingsvinnarane. På ei side kan ein vel sjå på resultata og seie at skilnaden mellom laga på Søre var større. Eit moment her er at GuLars hadde tre tap i ein middels vårsesong, eitt mot Tjørvåg etter ferien før dei fekk tilbake spelarane sine. Med Sætre Hauge og brørne Gunnarstein frå Hareid, og også Leiv Sindre Muren (Bergsøy) og Preben Sætre (Hødd) gjorde dei reint bord i serien og tok 10 fortente poeng i Playoff.
Vi er skuffa over å ikkje rykke opp sjølv, og eg registrerer at enkelte er skuffa over at avdelingsvinnarane ikkje berre rykte direkte opp. Vår skribent på HaNo-sida inkludert. Det er jo greit nok, men vi har jo visst dette i heile år, og personleg syns eg ikkje det passa å ha med det i det siste kampreferatet. Men det er jo ein journalist si meining, og ikkje nokon spelar eller trenar eller nokon i sportsleg utval i HaNo som seier det. Så dermed blir det jo ikkje "grinete" frå vår si side heller, sånn sett. For at det blei to beste i kvalik har vi jo visst sidan februar, og då gjeld det å vere best når det gjeld, og det må vi berre innsjå at vi ikkje var.
Etter det eg skjønar blir 5. div-opplegget likt også neste år. "Problemet" er jo antall lag. I år var det 27 lag opphavleg, og så kjem problemet med inndelinga. Det er for lite med to avdelingar, og for mykje lag til 3 avdelingar eigentleg. SFK delte inn i lag, og då kom Blindheim2 og ropte "feige lag" på direkten og gjekk ut av bana. Barnsleg, men kva kan SFK gjere med det? Kraftig bot etter mi meining. Kan ikkje melde på eit lag, og deretter melde seg av pga misnøye med inndelinga. Hareid2 sameleis, dei vil ikkje reise over fjorden alle kampar medan kameratane spelte synnom fjorden. Dei fekk vilja si, og dermed 10 lag på Søre. Aksla kom seinare inn, og spelte i avdeling 2. Å spele 14 kampar som vår avdeling gjorde, kan vi i alle fall ikkje gå med på.
Ein ting er sikkert: Ramaskrik og påstandar om feige lag, teit inndeling osb kjem garantert opp også neste vinter. Det blir spennande å sjå kven som melder seg, og melder seg av. Og eit anna spenningsmoment er om Giske, som forkjempar for den nye ordninga, greier å stille lag til avtalt tid..?
Om du skulle bestemt, korleis hadde du ville lagt opp 5. divisjon? Legg att di ytring under "kommentarar".