søndag 23. oktober 2011

Skodje spelar playoff

Ikkje overraskande vann Skodje 5-1 over Brattvåg2 søndag. Då er det 66,6 prosent sjanse for at dei spelar i 4. divisjon neste år. Åram/VanKam og Hessa/SIF2 blir hindera i neste vekes playoff. Meir i Skodje-bloggen om det meste her.

Norborg2 gjorde ei god avslutning, og tapte kun 3-4 heime mot Emblem.

Stordal - Ellingøy 8-1 (5-1)

Ørskog - Ravn endar i statistikkane med 3-0 sidan Ravn ikkje greidde å stille lag. I tillegg til eit oppegåande Old Boys-treningsmiljø, har IL Ravn påmeldt både G16-lag og juniorlag i årets serie, og det må vere rimeleg sensasjonelt at Vatne/Tennfjord-bygda ikkje greier å reise til Sjøholt å spele seriekamp!

Harøy har gjort ein god haustsesong, og plukka sine poeng nummer 13 etter sommaren mot Lepsøy. Stian Harnes skåra nye fire mål, og har over 30 i årets serie. Lepsøy har nærmast kollapsa i haust, og LIL-guru IK Kjerstad skriv følgjande på si nettside:
Med eit klart tap enda Lepsøy altså heilt sist i sin avdeling i årets 5. divisjon, som er lavaste nivå på Sunnmøre, det har vel ikkje skjedd før? No må laget og spelarane finne ut kva dei vil gjere til neste år, det må i alle fall endringar til om Lepsøy skal melde seg på i neste års 6-divisjon!

Ingen kommentarer: