søndag 16. oktober 2011

Ferdigspelt for i år

Vi har avslutta sesongen, med eit 2-4 tap på fredag kveld. Sindre (bilete)putta, og blei vel då delt toppskårar med Lars Petter. Det står framleis att nokre kampar i avdelinga, HaNo står som kjend over siste serierunde. Her ser du kampane som står att, heilt nede på sida.



Runden denne gongen bydde på ei overrasking: Ellingsøy-Ørskog 3-2. Elles:


Ravn-BIL2 6-4
Skodje-Norborg2 11-1
Harøy-Stordal 2-7, der Stian Harnes tok Harøy til 2-1 leiing til pause.

Ingen kommentarer: