torsdag 6. oktober 2011

Quiz!

Sesongen nærmar seg slutten, og vi tjuvstartar "agurktid"-sesongen her i bloggen med ein aldri så liten quiz! Det er om sesongen så langt, før vi avsluttar mot Emblem neste fredag. 6 spørsmål, med 4 alternativ. Send inn dine svar til molneod@hotmail.com. Dersom fleire har alle rett svar, trekkjer eg vinnar. Den vinn eitt eksemplar av vårt fantastiske HaNo-skjerf!



Svarfrist for konkurransen er onsdag 12.okt kl 23:59 :)


1. Joakim spelte sine 10 første HaNo-kampar på 10 år. Men kor mange HaNo-kampar har han totalt?
A) 52
B) 62
C) 72
D) 82

2. Bror Vebjørn jubilerte i løpet av sine 6 HaNo-matchar i år. Kva står på pokalen hans etter sesongen i år?
A) 50 kampar
B) 100 kampar
C) 150 kampar
D) 200 kampar


3. Kun eitt av alternativa under er riktig med tanke på at begge var HaNo-debutantar i år.
A) Magnus Bringsvor og Olve Steen
B) Mert Haram og Kenneth Hansen
C) Daniel Grebstad og Robin Haram
D) Thomas Flem og Eivind Fugledal


4. Kven er toppskårar i serien for herrelaget før siste seriekampen mot Emblem?

A) Lars Petter
B) Sindre
C) Michael
D) Håkon


5. Per Kristian er kortkongen med sine 5 gule kort. Kven av alternativa under har IKKJE fått gult kort i år?
A) Michael
B) Odd Einar
C) Lars
D) Pål


6. To mann har spelt samtlige 19 seriekampar til no. Kven er så det?
A) Michael og Mads
B) Mads og Kristian
C) Michael og Sindre
D) Per Olav og Sindre

Ingen kommentarer: