tirsdag 31. mars 2009

Smått og stort

Vegard og Ove i garderoba før kamp mot Harøy.
- Ole Lennart har vore på mr og kika på ankelen (skada på Harøya). Ikkje noko rive eller brote, så han er sakte, men sikkert i trening att.
- Jonas har konstatert noko vi har sagt lenge (luftveisinfeksjon). Du kunne berre spøje oss, Jonas;) Så han skal gå på doping i 10 dagar. Dvs at Midsund 2.påskedag er eit naturleg comebackmål for han.
- Vegard har gjort ferdig beinhinnebetennelsekarantena si. (Eit artig ord om ikkje anna). Han er igjen klar for innsats denne veka og spelar mot Lepsøy torsdag.
- LP og Per Jarle skal vel bestå nokre medisinske testar før ein veit om dei er klar til kampen torsdag. PJ testar i morgon, LP veit eg ikkje heilt i skrivande stund.

Ingen kommentarer: