mandag 2. mars 2009

Harøy-helg- konklusjonar

Kor vidt Harøy-helga var vellykka skal dåkkå få vurdere sjølv, men eg trekkjer nokre konklusjonar:
- Positiv trening fredag, der vi fekk sette fart på ball både i spel, og ikkje minst i desse innleggs- og 3mot2- sekvensane. Bra tempo på ball, og etterkvart ganske god kvalitet på løpa. Det aller beste var engasjementet. Mykje prat/rop, konstruktive beskjedar.
- Laurdag: Litt variabel kvalitet det eg fekk med meg, men 18 minutt x 3 er hardt. God jobbing, og det er læring i desse situasjonane også. Taktiske val både kollektivt og individuelt er viktig i desse situasjonane, som liknar litt meir på ein fotballkamp enn ei trening. Også interessant å observere kven som har konkurranseinstinkt, og ikkje let seg frustrere, men jobbe på vidare J
- Ikkje dumt med eit bad etter to harde økter, og håper opphaldet elles på Finnøya gjekk bra.
- Hovudkonklusjon: Ein slik hall skal vi ha oss. Så det så.

Ingen kommentarer: