søndag 29. mars 2009

Godt med null baklengs

HaNo-Harøy 5-0. Fyldig referat her på HaNo-sida.
Eit par kommentarar:
- Kjekt at forsvaret var så konsentrert heile vegen. Veldig flink å falle av, lede og stenge rom når Harøy kontra.
- God respons på fokusa, spesielt med å bruke kantane. Det var bra! Backane Kris, Jonas, Vegard og Demir bidrog i høgste grad framover i dag! Den offensive viljen var der. Syns det var mange gode innlegg også med tanke på baneforhold.
- Vi skårar fem mål, og det trur eg ligg godt an i forhold til Drillo sitt forhold mellom sjansar og mål... Vi "bles" mange også, men vi fokuserer på dei som gjekk inn!!
- Midtbanesentralane flinke å vende spelet. det strakk opp eit slitent HIL-lag effektivt i andre omgang. Men her er framleis ein del å hente på presisjonen her, spesielt dette med å få pasningane i medløpsretning når romma er der!

Ingen kommentarer: